MENY
search
Du er her: Fagstoff / Formalia AS / Forseinkingsgebyr

Fagstoff  -  Gebyr ved for sein levering av årsrekneskap
 

(Kjelde: Rekneskapsregisteret, Brønnøysund)
(Stikkord: forsinkelsesgebyr)

Forseinkingsgebyr
Dersom komplett årsrekneskap, årsmelding og revisjonsmelding ikkje er sendt til Rekneskapsregisteret i Brønnøysund innan 31. juli, vil det bli rekna forseinkingsgebyr. Dette gjeld alle innsendingspliktige, også oppløyste selskap som ikkje er endeleg sletta i Føretaksregisteret.

Satsane for forseinkingsgebyret (satsar 2016):

  • kr 1.025 pr veke dei første åtte vekene
  • kr 2.050 pr veke dei neste ti vekene
  • kr 3.075 pr veke dei siste åtte vekene

Øvre grense for forseinkingsgebyret
Etter fjerde månad har gebyret passert kr 28.000, og etter seks månader kr 53.300, som er øvre grense.

Ansvar for betaling av gebyret
Det er selskapet som er ansvarleg for å betale gebyret, alternativt styremedlemmene.

Dersom den rekneskapspliktige ikkje har styre, vil det vere deltakarane eller medlemmene og dagleg leiar som får ansvar for gebyret.

Skattemessig behandling av gebyret
Det er ikkje skattemessig frådrag for forseinkingsgebyret.



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon