MENY
search
Du er her: Fagstoff / Lønn orientering / Heimekontor

Heimekontor: utleige av eigen bustad til "eige" AS

Ein del aksjonærar leiger ut delar av bustaden til eige aksjeselskap. For at husleige skal vere skattefritt for mottakar er det nokre viktige forhold som må vere på plass.

Skattefritak for leigeinntektene krev at aksjonæren bruker minst halvparten av bustaden sin leigeverdi som eigen bustad. Ver merksam på regelverket om «tenande funksjon til bustaden» dersom det gjeld fleire bygningar. Ta kontakt for nærare informasjon.

Vidare må det vere eit reelt leigeforhold. Liknings-ABC 2014/15 angir desse momenta som taler for at eit leigeforhold er reelt:

  • det foreligger en skriftlig leieavtale
  • arbeidsgiveren har en eksklusiv disposisjonsrett til lokalene
  • omfanget av arbeid som utføres for arbeidsgiver i lokalene står i forhold til leiekostnadene
  • lokalene kan nås uten å gå gjennom rom som benyttes av arbeidstakeren til boligformål
  • lokalene har sanitæranlegg som kan nås uten å gå gjennom rom som benyttes av arbeidstakeren til boligformål
  • lokalene er laget spesielt for arbeidsgivers formål og ikke lett kan ominnredes til boligformål mv.
  • arbeidsgiver eier inventar og driftsmidler av betydning i lokalene som f.eks. faks, datamaskin, eller bruker lokalene som lager i noe omfang
  • lokalene faktisk brukes av andre som er ansatt hos arbeidsgiveren
  • lokalene brukes til å motta arbeidsgivers kunder eller utlevere varer
  • lokalene er markert utad f.eks. ved skilt, oppføring i telefonkatalog eller oppføring på arbeidsgivers brevark
  • lokalene er i bruk i vanlig arbeidstid og ikke bare ved overtidsarbeid
  • arbeidsgiveren ikke har annet kontor i området.
Marknadsleige
Når det gjeld fastsetjing av husleiga, så er det marknadsleiga som skal leggast til grunn. Forenkla sett kan ein seie: Kva ville ein fått ved utleige til «mannen i gata»? Det blir vidare skilt mellom bustadområde og forretningsområde. Dersom bustaden ligg i eit bustadområde, er det utleigeverdi til bustadføremål som må leggast til grunn ved vurdering av marknadsleiga. 

Skattlegging av gevinst ved seinare sal av bustaden
Sal av bustad der du sjølv har brukt bustaden siste 12 av 24 månader medfører ikkje skatteplikt. Dersom du derimot har brukt ein del av bustaden til næringsverksemd, så vil den andel av gevinsten som fell på næringsverksemda (heimekontoret), føre til at denne blir skattepliktig.
Ordninga med heimekontor bør i slike tilfelle avviklast minst eitt år før bustaden blir selt.

Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon