' Personalrabatt - Rekneskap Høydalsvik AS
MENY
search
Du er her: Fagstoff / Lønn orientering / Personalrabatt

Fagstoff lønn - Personalrabatt på varer

 
Personalrabatt på varer blir ikkje skattlagt når alle følgjande vilkår er til stades:

  • rabatten er rimeleg
  • vara blir produsert eller omsett i arbeidsgivar si verksemd
  • vareuttaket dekker eit vanleg privat forbruk. Kjøp oftare enn kvart tredje år av betydelege kapitalvarer som feks bil, båt ol. kan ikkje sjåast på som å dekke vanleg privat forbruk.

Prisen kan aldri vere lågare enn arbeidsgivar sin kostpris inkl. indirekte kostnader.
    
Rabatten må normalt ikkje vere større enn det som blir gitt til storkundar.

Dersom rabatten overstig eit rimeleg nivå, eller det ikkje blir betalt noko for ytinga, så skal fordelen skattleggast fullt ut.



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon