' Trim og helse - Rekneskap Høydalsvik AS
MENY
search
Du er her: Fagstoff / Lønn orientering / Trim og helse

Fagstoff lønn - trim og helse

Følgjande velferdstiltak knytta til trening er skattefrie:

  • Når arbeidsgivar sjølv innreier/leiger eige trimrom.
  • Når arbeidsgivar dekkjer bedriftsmedlemskap der det blir arrangert eit felles opplegg for dei tilsette. Føresetnaden må vere at alle eller ei betydeleg gruppe tilsette har ei reell mulegheit til å benytte seg av tilbodet, og at det er organisert fellestreningar. Inneber bruken at dei tilsette blir stilt i same situasjon som om dei har eit personleg medlemskap, vil dette føre til skatteplikt.
  • Når arbeidsgivar leiger helsestudioet for bestemte tidsrom i veka, og dette har preg av fellesarrangement.
  • Når arbeidsgivar leiger inn ein fysioterapeut eller ein aerobicinstruktør som skal trene dei tilsette i bedrifta sine lokale.


Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon