' Momentliste - Rekneskap Høydalsvik AS
MENY
search
Du er her: Fagstoff / Skjema mv / Årsavslutning / Momentliste

Hugseliste for årsoppgjeret

Årsoppgjerstida er ei travel tid, og det er viktig at all informasjon blir levert i rett tid og at alle opplysningar til årsoppgjeret er med. I dette høvet vil vi minne på følgjande (for dei det gjeld):

  • alle inngåande og utgåande fakturaer daterte i år (også ubetalte)
  • kontoutskrift frå bankar
  • eventuell kontantbeholdning må teljast pr. 31.12.
  • årsoppgåve aksjar, herunder VPS
  • vareteljingsliste (nummerert, datert og attestert) (klikk her for mal)
  • forsikringspoliser for næringa
  • kilometerstand på bilar i næring
  • køyrebok vedr bruk av privatbil i næring
  • uttak av varer eller tenester frå selskapet til leiande personar (vareuttaksbok)
  • betalt obligatorisk tenestepensjon (OTP) for tilsette eller deg sjølv
  • tap på kundekrav og/eller risiko for tap på kundekrav
  • bilag og opplysningar for private sjølvmeldingar (lønns- og trekkoppgåver, endringar i eigedelar (bil, båt, hytte), endringar i familiesituasjonen mv)
  • reiseutgifter heim - arbeid, evt. pendlarutgifter
  • premie til eiga pensjonsforsikring
  • utgifter til barnepass

Uansett, så er det i år – som i fjor – særs viktig at vi får inn alle bilaga snarast.

 
Spesielt for lønnskundar:
    
Diett, kilometergodtgjersle og andre naturalia
Dersom det er betalt ut slike ytingar til arbeidstakar i november/desember utanom lønnssystemet, ber vi om at du innan 20. desember gjev melding om dette.

Forsikring av tilsette utanom lovfesta yrkesskadeforsikring
Dersom du mottek oversikt frå forsikringsselskapet på f.eks. gruppelivsforsikring eller livsforsikring ber vi om at du seinast 20. desember sender denne til oss.



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon