MENY
search
Du er her: Nyheiter

Frist for betaling av tilleggsforskot på skatt

Fristen for å betale restskatt og samstundes unngå rentetillegg er 31. mai.
Restskatt under kr 100 slepp du å betale.

Lønner det seg å betale inn ekstra for å unngå restskatt?

Rentetillegget for personlege skattytarar
Dette vil variere etter kva dato du får skatteoppgjeret:

Til gode, utlegg juni

  0,4 %
Restskatt, utlegg forfall 20. august   0,4 %
Restskatt, utlegg forfall 1. september   0,4 %
Restskatt, utlegg forfall 1. oktober   0,5 %
Restskatt, utlegg forfall 7. november   0,5 %

Har du kr 20.000 til gode på juni-utlegget, får du 20.000 x 0,4 % = kr 74 i rentegodtgjersle.
Får du ein restskatt på kr 20.000 i oktober, må du betale 20.000 x 0,5 % = kr 95 i rentetillegg.

Lønner det seg å betale inn restskatten innan 31. mai?
Dette vil vere individuelt, men dersom du betaler ei lågare lånerente i banken (eller har lågare innskotsrente) enn det tabellen under viser, så lønner det seg å betale inn tilleggsforskot på skatten innan 31. mai.

Effektiv rente, justert for skatt:
Restskatt, utlegg juni, forfall 20. august      2,7 %
Restskatt, utlegg forfall 1. september   2,4 %
Restskatt, utlegg forfall 1. oktober   2,0 %
Restskatt, utlegg forfall 7. november   1,6 %

Betaler du som lønnstakar inn restskatten 31. mai og normalt skal betale skatten 20. august, så har du i denne perioden hatt 2,7 % avkasting på innbetalinga di.

For dei fleste næringsdrivande er den effektive rentesatsen 2,0 %

Rentegodtgjersle på til gode skatt blir berekna frå 31. mai i år med 0,38 %, noko som i hovudregelen ikkje gjer det lønsamt å betale inn meir enn restskatten innan 31. mai.

Rentetillegget for aksjeselskap mv
Normalt lønner det seg ikkje å betale restskatten for aksjeselskap før ein får kravet til hausten.

For aksjeselskap blir rentetillegg ved restskatt 0,38 prosent per år, rekna frå 15. mars fram til forfall for restskatt 1. termin (november same år).

Ved til gode skatt, er rentegodtgjersla 0,36 prosent per år, rekna frå 15. mars fram til skatteoppgjeret blir sendt selskapet.

Eksempel, rentetillegg restskatt:
kr 100.000 i restskatt
Rentetillegg: 100.000 x 0,38 % x 7,5/12 = kr 238

Den effektive renta på restskatt eller til gode skatt for aksjeselskap er 0,5 prosent (0,38 + skattefordel 24 %).

Dersom selskapet har pengar på konto og innskotsrenta er lågare enn 0,5 prosent, så vil det lønne seg å betale restskatten. Elles lønner det seg å vente til forfall i november.

Kjelde: Skatteetaten

Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon
Relaterte artiklar