MENY
search
Du er her: Nyheiter

Ny IPS innført, men lønner det seg?

Frå 1. november 2017 er IPS gunstigare enn før. Du får redusert formuesskatten og får 24 % skattefrådrag, men må betale skatt på utbetalingane.

Men det er ikkje lønsamt for alle. Bør du heller velje aksjesparekonto?

Det nye er at skattlegginga av utbetalinga skjer med 24 % skatt, det same som du får frådrag for ved innbetalinga. Beløpsgrensa er vidare heva frå kr 15.000 til kr 40.000 årleg.

Den som betaler formuesskatt frå før, vil kome best ut med den nye ordninga, då sparesaldoen er unntatt formuesskatt. Har du derimot gjeld som du betaler høg rente på, så er den beste sparinga å nedbetale denne gjelda først.

Dersom du døyr før pengane er utbetalt, går resten av pensjonen til arvingane.

Eit godt råd er å velje eit indeksfond, dette er fond som har lågare kostnader enn aktivt forvalta fond. Dersom du ikkje betaler formuesskatt, så forsvinn skattefordelen med IPS ved forvaltningshonorar på over 1,0 prosent. Betaler du formuesskatt, så forsvinn skattefordelen først når forvaltningshonoraret er på over 1,7 prosent. Dersom kostnadene blir høgare enn 0,7 prosent, vil det for mange vere meir fornuftig å spare i ein aksjesparekonto (ASK). Her er pengane ikkje låst på same måte som ved IPS.

På Finansportalen sine nettsider finn du oversikt over IPS-tilbydarar, gebyr, risikoklasser og spareprofilar.




FAKTA OM ASK - AKSJESPAREKONTO

ASK (aksjesparekonto) blei innført 01.09.2017 og gjer det meir attraktivt å spare i aksjar enn tidlegare. 

  • Ny ordning der du kan kjøpe og selje aksjar, aksjefond og børsnoterte eigenkapitalbevis utan å betale skatt undervegs. Skatten blir betalt først når du tek gevinsten ut av aksjesparekontoen. Det opprinnelege innskotet kan når som helst takast ut utan å betale skatt.
  • Det er berre personlege skattytarar som kan opprette aksjesparekonto.
  • Du kan ha fleire aksjesparekontoar, og du kan når som helst slå saman desse. Det er inga vesentleg ulempe ved å ha fleire aksjesparekonti.
  • Det er spesielt verdipapir med (urealisert) gevinst som du bør ta inn i ordninga.
  • Dersom du har eit (urealisert) tap på ein aksje, så vil det normalt lønne seg å ikkje ta med seg denne inn i aksjesparekontoen. Eit alternativ er å vente med å ta desse aksjane inn til etter overgangsperioden er over.
  • Skatt på gevinst og aksjeutbytte frå ASK er 30,59 % i 2018 (23 % x faktor på 1,33).
  • Du betaler formuesskatt på aksjeverdien.

Overgangsreglar: Du kan flytte aksjane du eig utan å bli skattlagt for verdiauken før 31.12.2018 (utvida frist vedteken).




FAKTA OM IPS - INDIVIDUELL SPARING TIL PENSJON

IPS gir mulighet til å spare ekstra til pensjon i tillegg til det man får fra arbeidsgiver og folketrygden.

  • Nytt spareprodukt hvor du kan spare inntil 40 000 kroner i året
  • Skattefordel på 9 600 kroner ved full sparing (24 % av årets sparebeløp)
  • Pengene kan tas ut fra fylte 62 år
  • Sparesaldoen beskattes som alminnelig inntekt ved uttak (24 %)
  • Ingen formueskatt eller skatt på avkastning underveis
  • Utbetalingstid på minimum 10 år, og utbetalingene skal vare til du er minst 80 år
  • Du velger selv når du vil slutte å spare eller om du vil justere sparebeløpet underveis

Det er ikke et tak for samlet sparing i ordningen. Den nye ordningen vil gjelde fra inntektsåret 2017.

Individuell pensjonssparing er et supplement til alderspensjon fra folketrygden og tjenestepensjon, som har til formål å kompensere for bortfall av arbeidsinntekt og sikre livsopphold når en ikke lenger har arbeidsinntekt.

Utbetaling av pensjon kan tidligst starte ved fylte 62 år. Pensjon må utbetales minst til en fyller 80 år og uansett minst i 10 år. Dette gjelder ikke dersom opptjent pensjonskapital er så liten at en med disse kravene til utbetalingstid vil få en årlig utbetaling som er mindre enn om lag 20 prosent av folketrygdens grunnbeløp. Utbetalingstiden kan i slike tilfeller settes ned til det antall år som vil gi en årlig alderspensjon på om lag 20 prosent av folketrygdens grunnbeløp.

Du finner forskriften her.

Finansdepartementets omtale av forskriften.

Les også: Dette må du vite før du velger IPS (Din Side)

Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon
Relaterte artiklar