MENY
search
Du er her: Nyheiter

Skatt stoppar utvikling

- Det er urimeleg at norske aksjonærar må betale ekstra skatt, berre fordi dei er norske.

Kven hadde akseptert å starte ein fotballkamp med eitt mål under?

Småbedriftseigar Lars Oscar Fossen Øvstegård betalte i 2012 knapt nok noko formuesskatt. Kravet no, fem år seinare, er kr 290.000. Øvstegård meiner den særnorske skatten må fjernast og erstattast av skatt på forbruk. Rekneskapsførar Geir Høydalsvik er samd.

Møre-Nytt 07.09.2017: Skatt stoppar utvikling

Øvstegård driv med utleige av næringseigedom og er ein typisk representant for norsk næringsliv, med ei omsetjing på sju millionar kroner og er arbeidsplass for tre personar.

Siste åra har formuesverdien på eit av utleigebygga auka frå 15 millionar i 2011 til 43 millionar i 2016. Hovudforklaringa er den tekniske fastsetjinga, der verdien no blir sett til 80 prosent av utleigeverdien, mot 40 prosent for fem år sidan.

Småbedriftseigaren ropar no eit varsku til politikarane som har vedteke regelverket som utelukkande rammar norske, og ikkje utanlandske aksjonærar.

Rekneskapsførar Geir Høydalsvik deler frustrasjonen over formuesskatten på arbeidande kapital, som må betalast uavhengig av om bedrifta tener pengar eller ikkje, og om lokala er tome eller fullt utleigde.

Under valkampen blei det hevda at regjeringa hadde gitt 22 milliardar i skattelette, og det blei vist til auka botnfrådrag og redusert skatteprosent. Dette er ei historieforteljing som ikkje stemmer for det store lag av næringsdrivande i Noreg. Faktum er at desse er at skatten har auka, ikkje minka. Dette gjeld både auke i formuesskatt, men også at skattesatsen på utbytte som har auka siste åra.

Les artikkelen frå Møre-Nytt 07.09.2017: Skatt stoppar utvikling

Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon