' Fakta - Rekneskap Høydalsvik AS
MENY
search
Du er her: Om oss / Fakta

Fakta om Rekneskap Høydalsvik AS


rekne_tilsette_gruppe_2015_01_705px.

Strandgata 15B - 6150 Ørsta - Telefon: 700 49 000 - Opningstider: måndag - fredag 08.30 - 16.30


E-post: post@rekne.no - Org.nr: 968 612 484 MVA - Bankkonto: 3992.30.49928

Rekneskap Høydalsvik AS blei omdanna til aksjeselskap 21. august 1993 – etter å ha vore drive på heiltid som enkeltpersonføretak sidan 1983. Rekneskapskontoret blei starta som ei ”kjellarbedrift” av Erling og Ragnhild Høydalsvik på 1970-talet. I november 1983 blei det heildagsdrift og fram til juli 2008 haldt vi til i lokale på Mosflata i Ørsta. Vi held no til i Strandgata 15, Ørsta Brygge.
   
Rekneskap Høydalsvik AS er no mellom dei store rekneskapskontora på Søre Sunnmøre med ti tilsette og åtte årsverk.   
   
Aksjekapitalen er på kr 500.000 og selskapet er eigd av Geir Høydalsvik.
Ragnhild Høydalsvik er styreleiar og selskapet sin revisor er Odd Ivar Thue i Romsdal Revisjon AS.
   
Dei tilsette er:  

Dagleg leiar Geir Høydalsvik, fødd 16.04.1968. Geir Høydalsvik er autorisert rekneskapsførar og har den formelle utdanninga frå Høgskulen i Molde med fullført økonomi og administrasjon i 1991. I tillegg har han bestått eksamen og tidlegare praktisert som registrert revisor.

Elisabet Henanger Aarflot er kontorleiar, autorisert rekneskapsførar og fødd 11.05.1968. Elisabet Henanger byrja hos Rekneskap Høydalsvik AS 13.07.1998 og har den formelle utdanninga frå Høgskulen i Molde med to-årig studium i økonomi og administrasjon.

Kristina Leite, fødd 30.01.1981 byrja hos Rekneskap Høydalsvik AS 18.08.2008. Ho er autorisert rekneskapsførar og har den formelle utdanninga frå Høgskulen i Ålesund.

Stine Lystad, fødd 10.02.1983 byrja hos Rekneskap Høydalsvik AS 11.08.2010. Ho er autorisert rekneskapsførar og har den formelle utdanninga frå Høgskulen i Sogn og Fjordane med to-årig studium i økonomi og administrasjon.

Marita Barstad, fødd 11.01.1984 byrja hos Rekneskap Høydalsvik AS 14.08.2013. Ho er autorisert rekneskapsførar og har den formelle utdanninga frå Høgskulen i Molde med tre-årig bachelor i rekneskap og revisjon.

Martin Øye Barstad, fødd 28.09.1986 byrja hos Rekneskap Høydalsvik AS 12.08.2013. Han er autorisert rekneskapsførar og har den formelle utdanninga frå Høgskulen i Ålesund.

Christer Eikrem, fødd 17.06.1980 byrja hos Rekneskap Høydalsvik AS 16.08.2016. Han har den formelle utdanninga frå Høgskulen i Molde.

Per Inge Liadal, fødd 26.10.1958 har vore tilsett sidan 04.05.1998 og har før han blei tilsett hos oss arbeidd i 15 år hos Vartdal Fiskeriselskap AS. Eittårig utdanning som bedriftsøkonom frå BI, avdeling Ålesund.

Anne Karin Kvistad, fødd 20.05.1955 byrja hos Rekneskap Høydalsvik AS 10.09.2001 og har hovudansvar for landbruksrekneskap.

Margrete Foldal Yksnøy, fødd 13.05.1963 byrja hos Rekneskap Høydalsvik AS 16.08.2001 og har hovudansvar for lønnsarbeid. 

Klikk her for å kome til telefonoversikt med direkte innval.



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon