' Nyheiter via RSS - Rekneskap Høydalsvik AS
MENY
search
Du er her: RSS / Nyheiter via RSS

Nyheiter via RSS


No kan du abonnere på nyheiter frå Rekneskap Høydalsvik AS ved hjelp av ein RSS-lesar. Klikk på ikonet under og du kan velje å abonnere på nyheiter frå Rekneskap Høydalsvik AS.

nyheiter via RSS

Korleis fungerer ein RSS-lesar?
RSS-lesarar hentar inn overskrifter og korte sammandrag frå ulike RSS-kanalar. Desse blir lagt ut av nettsidene sjølv, og blir oppdaterte automatisk når det kjem nye saker. Dei aller fleste nyheitsleverandørane tilbyr RSS-feed, og har du ein RSS-lesar er dette den absolutt raskaste måten å halde seg oppdatert i nyheitsbildet på. RSS-lesaren hentar ned titlar og ingressar frå dei siste nyheitene hos dei nettstadane du legg inn, og viser nyheitsoversikta utan bilde, reklame eller andre element.

Dermed slepp du å gå innom forsidene til dei ulike sidene du abonnerer på. Dei aller fleste som tilbyr RSS-lenkjer har ein liten knapp eller eit menyval tilsvarande det vi har her. Oftast, avhengig av kva for ein RSS-lesar du bruker, er det nok å berre klikke på knappen for å begynne å abonnere på nyheiter frå nettstaden du er på. Leit etter knappen eller søk etter stikkordet RSS på sidene.

Korleis les du RSS-nyheiter?
For å lese ein RSS-kanal treng du ein eigen RSS-lesar. Sjølve lesarane kjem i mange ulike format, frå epostliknande klientar som lar deg organisere kanalane dine i mapper, til klassiske nyheitstickarar der overskriftene rullar over skjermen din.

Internet Explorer 11 har støtte for RSS. Også den norske nettlesaren Opera har integrert RSS direkte i nettlesaren, medan Firefox gir deg valet mellom fleire ulike RSS-lesarar for direkte integrering.

Å lese RSS-nyheiter direkte frå epostklienten er svært effektivt, og dei nyaste programma har støtte for dette, bla Microsoft Outlook 2013 og Internet Explorer.

Nokre tilbydarar av RSS
Skatteetaten           NRK       Dagens Næringsliv        Aftenposten         NARF      Ukeavisen Ledelse



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon