' Gode e-løysingar - Rekneskap Høydalsvik AS
MENY
search
Du er her: Tenester / Gode e-løysingar

Tenestene våre: Gode elektroniske løysingar


Dataløysingar hos Rekneskap Høydalsvik AS

Som rekneskapsbedrift er framleis den tradisjonelle rekneskapsføringa ein viktig del av virket vårt, men å kunne tilby eit utvida og tettare samarbeid med kundane våre blir meir og meir sentralt.

Vi er tidleg ute med å ta i bruk ny teknologi som kan effektivisere og automatisere bilagshandteringa i bedrifta di.

Som kunde hos Rekneskap Høydalsvik AS får du

  • levere bilaga elektronisk gjennom PaperLess
  • heilelektronisk løysing for reiserekningar i Visma.net Expense
  • automatisk bokført inn- og utbetalingane til bedrifta med KID
  • fakturere til kundane dine og automatisk oppdatering med Visma DI-Portal

Levere bilaga elektronisk gjennom PaperLess
Med PaperLess kan du levere alle bilag og dokument til oss elektronisk, enten du mottek fakturaene på e-post, som elektronisk faktura (EHF) eller på papir.

Du får tilgang til oppdatert rekneskap og bilaga dine via internett. Du vel sjølv kor mykje du vil gjere av rekneskapsarbeidet. Det du ikkje tek, tek vi. Sikkert og sytalaust!

Reiserekning og utleggsoppstilling med Visma.net Expense
Visma.net Expense sikrar deg korrekte reiserekningar med oppdaterte satsar, integrasjon med lønnssystem og oversiktleg lønnsslipp.

Gratis app som sender kvitteringane dine rett til reiserekninga di. Enkelt og oversiktleg for både lønnstakar og arbeidsgivar.

Automatisk bokført inn- og utbetalingane til bedrifta med KID
Fakturering til kunde med KID gir automatisk bokføring av innbetalingane.

Leverandørfakturaer dannar grunnlag for elektronisk utbetaling og automatisk bokføring av utbetalingane.

Integrerte løysingar for fakturering
Vi tilbyr integrerte løysingar der du fakturerer kundane og vi får registrert fakturaene direkte i økonomisystemet.



Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon